top of page

GULATINGET

Gulatinget blir i dag brukt om lagdømmet for Rogaland og Vestland, Gulatings lagmannsrett.

Opphaveleg vart Gulatinget halde i Gulen, kommunen som Losna var ein del av fram til 1964. Losna vart då overførd til Solund kommune.

 

Oppgåva til tinget var å dømme i saker som var lagde fram for tinget og stadfeste nye rettsreglar, kalla nymæle. Gulatinget vart truleg oppretta før 930, og flytta til Bergen rundt år 1300. Landsloven av 1274 viser at både Agder, Valdres, Hallingdal, Setersdal i tillegg til Sunnmøre, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland høyrde til Gulatinget. Tinget gav oss Gulatingsloven, som er den eldste bevarde lovsamlinga i Norden. I dag kan ein vitje Tusenårsstaden på Flolid som er oppretta til minne om Gulatinget, 4 kilometer utafor Eivindvik i Gulen kommune.

 

Det er fleire ting som tyder på at Losnaætta og stormennene frå Losna var involverte i Gulatinget. Dei to handskrivne Gulatingslovene som er att, har begge vore i eige hos ætta. Riddarane Eindride Erlendsson og Erlend Eindridesson var begge lagmenn for Gulatinget i 1405. Einar Eindridesson, bror til Erlend, var og lagmann i Gulating 1400-1425. Og i fleire tviste- og arvesaker seinare var det dommarar frå adelsætta på Losna.

Floli.png
Ancient Carvings
Antique Pendant
Gulatingslova.jpg
bottom of page