top of page
Kvernstein 3.JPG
Kvernstein 6.JPG
Kvernstein 5.JPG
Kvernstein 2.JPG
Kvernstein 4.JPG
Kvernsteinsbord.JPG


KVERNSTEINSINDUSTRIEN PÅ LOSNA

 

I Kvernberget ved Netteland på Losna er det tydelege spor i berget etter uttak av kvernsteinar. Her finn ein halvhøgde steinar som sit fast i berget og øydelagde steinar i terrenget. Det minner mykje om eit forlate gruvelandskap. Og det er sannsynlegvis også det det er. Storleiken på steinane og funn av steinar ved sjøen, tyder på at dette har vore ein steinindustri for eksport. Me veit lite om omfang og når det det heile starta. Og me veit heller ikkje når den siste steinen vart hoggen ut. Kanskje var det svartedauden som sette ein stoppar for steinindustrien på Losna? Men det kan også ha vore slutt alt i vikingtida.

Hyllestad

Eit senter for bergverksdrift av kvernstein

Men med Hyllestad som nær nabo er det naturleg å tenkje at det kunne ha vore eit samarbeid mellom steinindustrien i Hyllestad og drifta i Kvernberget. I vikingtid og mellomalder var Hyllestad eit senter for bergverksdrift som hadde stor betydning både lokalt og internasjonalt. I eit område på ca. 20 km2 ligg hundrevis av kvernsteinsbrot spreidde utover i landskapet. Produkta herfrå vart eksportert over svært store avstandar. Andre spor er dei mange avslagshaugane med produksjonsavfall. På Losna har steinbrota vore på eit mykje mindre område, men også her har omfanget vore betydeleg.

 

Kverna

Den som kan hogge kvernstein vil ikkje svelte

I store deler av forhistorisk tid og mellomalder var malt korn til brød og graut blant dei viktigaste innslaga i kosthaldet. Ein føresetnad for at menneska skulle kunne gjere nytte av korn i maten, var at kornet vart knust. Kverna må difor ha vore ein viktig del av hushaldet heilt fram i nyare tid. Ved maling vart kornet helt ned i eit hol i midten, kvernauge, og det malte mjølet kom ut i ytterkanten av kvernsteinane. Ulike typer kverner er brukt gjennom tidene, og Hyllestad har produsert kvernstein både til mindre handkverner og til større vasskverner og vassmøller. Storleiken på handkvernsteinane varierte frå ca 35 – 60 cm, medan vasskvernsteinane oftast hadde ein diameter på 60 – 120 cm. I følge skriftlege kjelder vart vasskvernsteinen innførd i Norge på byrjinga på 1200-talet. I Hyllestad vart begge typar produsert side om side heilt fram i nyare tid.

I Kvernberget på Losna er det mest spor etter hogging av store steinar (vasskvernsteinar), men også her her har det vore produksjon av handkvernsteinar.

Losna hadde på 1800-talet tre vasskverner i bruk, ei ved Totlandselva nord på Losnegard,ei i Nordigarden og ei i Losnedalen.

 

Bergarten

Granatglimmerskifer

Den naturlege føresetnaden for kvernsteinsdrifta her har vore bergarten kyanitt-granat muskovitt- glimmerskifer, ofte berre kalla granatglimmerskifer. Eigna materiale til kvernstein

måtte korkje vere for hardt eller for mjukt, og det er samansetninga av den mjuke glimmerskiferen og dei harde granatane som gjer bergarten her så godt eigna til maling av korn. Dei harde granatane vart nedslitne seinare enn skiferen, og gjorde at kvernsteinen

si overflate vart verande ru. Dette førte òg til at kvernsteinen varde lenger.

 

Andre kvernsteinsbrot

Kvernberget på Losna blant dei største i landet?

Bergart med granatar og glimmerskifer finst i fleire kvernsteinsbrot her i landet, men med lokale variasjonar. Forutan Hyllestad er Selbu, Brønnøy, Vågå og Saltdal blant dei mest betydningsfulle kvernsteinskommunane i Noreg. Solund kommune og kvernsteisbrotet på Losna har enno ikkje kome med i statistikken over kversteinskommunar, men det er arbeid i gong med registrering av omfang. Det er mange spor etter hogging og fire store vasskvernsteinar ligg att i terrenget i Kvernberget.

Sjå også NORSK KVERNSTEINSENTER, HYLLESTAD

kvernsteinsparken-kart.webp

Norsk Kvernsteinsenter

Losna

Losnakart.tif
Kvernsteinkart Hyllestad.webp

Hyllestad

bottom of page