top of page

NATURSTI

Nyare historie og kulturvandring.

På Losnaspelet kan du også vere med tilbake til nyare historie, til den tida det var telegrafstasjon, skule, butikk, post, dampskipsekpedisjon, båtbyggjeri og seterdrift på øya.

 

Du kan kjøpe kunst i fjøsgalleriet, oppleve friluftsgudsteneste på Kirkjeneset med nesten 360 graders panoramautsikt og du kan vandre i fantastiske Kvernberget med tydelege spor etter kvernsteinhogging.

 

For mange er også tursti-nettet på Losna ei fin oppleving

1. Losna ferjekai

Ferjesambandet Rysjedalsvika - Krakhella vart opna i 1972. Trekantsambandet

Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella kom i gang tre år seinare. Ferjekaia på Losna

vart opna hausten 1999, og er i dag stjernestoppestad på dei fleste turane på

sambandet Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella.

 

Kystvegen Ålesund - Bergen har føreslått underjordisk tunnel frå Losna til

Brosvik i Gulen som det beste og truleg også det billegaste alternativ til

ferjefri kryssing av Sognefjorden. Her er fjorden berre ca 300 m djup

Det er i dag mogeleg å byggje tunnelar på slike djupn. Eikesundsambandet

på Sunnmøregår td ned til 287 m under havet.

2. Kirkjeneset

Jakob Neuman, som var biskop i Bjørgvin bispedøme frå 1822 - 1848, kunne i 1820 sjå spor etter kyrkja og nokre graver på Kirkjeneset. Kyrkjehuset som ernemnt i Bjørgvin Kalvskinn i 1360, kan ha vore huskapell for adelsætta på

Losna. Men det er i dag ikkje spor etter kyrkja på Kirkjeneset.

 

Det er i det heile gjort få arkeologiske funn på Losna. På Kirkjeneset er det

funne ei steinskål og to kljåsteinar nytta til veving. Elles er det funne eit

steinsøkke og nokre småting som alle er minne etter vanlege småkårfolk. Ikkje noko av dette fortel om stormannsætta på Losna.

bottom of page