Styret i Losnaspelet
Einar Losnegård
Rolf Losnegård (ansvar teater, musikkspel)
Bjørn Magne Hansen (ansvar gudsteneste)
Einar Losnegård
Bjarte Norevik
Gry Buer
Vara: Gunn Mongstad
Dagleg leiar: Kåre Magne Losnegard
VEDTEKTER FOR LOSNASPELET
Losnaspelet tek utgangspunkt i historiske hendingar på slutten av 13-hundretalet. Hendingane er bygd opp rundt Herr Eindride Erlendsson og ætta han høyrde til – Losnaætta. Herr Eindride var riddar og riksråd, fehirde og styresmann på Akershus og Tunsberghus. Han var med på kongekroninga i Kalmar i 1397 og var dronning Margrete sin store støttespelar. Sogespelet ”Herr Eindride til Losna” av Rolf Losnegård er den sentrale delen i Losnaspelet. Sogespelet vart fyrste gong framført i 1998. Vedtektene vart utarbeidd og vedtekne fyrste gong i 2003.
§1-Organisasjon
Losnaspelet skal vere ein ideell organisasjon samansett av representantar for Solund kommune, Solund sogelag, grunneigarar på Losna, andre med tilknyting til Losna og opphavsmannen til ”Herr Eindride til Losna” (desse blir seinare kalla deltakarar). Det skal ikkje betalast utbytte til deltakarane.
§2-Føremål
Føremålet med Losnaspelet er å skape interesse for og spreie kunnskap om historia som Losnaspelet byggjer på.
§3-Økonomisk ansvar
Deltakarane har ikkje noko økonomisk ansvar for Losnaspelet.
§4-Stemmerett
Alle som møter opp på årsmøtet har ei stemme kvar
§4-Stemmerett
Alle som møter opp på årsmøtet har ei stemme kvar
§5-Styre
Til å leie Losnaspelet skal det velgjast eit styre på 5 til 7 medlemmer. Styret skal setje i verk dei vedtak som blir fatta av årsmøtet og elles gjere det dei kan for at føremålet med Losnaspelet blir oppfylt.
§6-Årsmøte
Årsmøtet er organisasjonen sitt øvste organ, og blir halden det året Losnaspelet blir arrangert i løpet av oktober månad. Årsmøtet skal innkallast med minst 3 vekers varsel, med mindre særlege grunnar gjer kortare varsel nødvendig. Innkallinga skal vere skriftleg til Solund kommune, Solund sogelag, opphavsmannen til ”Herr Eindride til Losna” og grunneigarane på Losna,
Årsmøtet skal kunngjerast i minst ei lokalavis. Alle som har delteke i Losnaspelet på ein eller anna måte har møte- og talerett på årsmøtet.
Saksliste for årsmøtet skal kunngjerast saman med innkallinga. Saker som deltakarane eller styremedlemmmene ynskjer å ta opp på årsmøtet, må vere sendt til styret innan utgangen av august månad. Det kan ikke takast avgjerd i andre saker enn dei som er sett opp på saklista før møtet.
Årsmøtet er vedtaksfør når minimum 5 representantar for deltakarane møter. Dei deltakarane som ikkje er tilstades på møtet, er bundne av vedtak som vert gjort.
Vedtak vert gjort med vanleg røystefleirtal. Står røystene likt, avgjer møteleiar. Alle avrøystingar ved val på personar skal vere skriftlege dersom ein av dei røysteføre krev det, eller det ligg føre meir enn eitt framlegg.
Ordinært årsmøte skal ha denne saklista:
a) Godkjenning av innkalling
b) Val av møteleiar og referent
c) Melding og rekneskap frå styret
d) Budsjett for komande spelperiode
e) Val etter vedtektene
· Leiar for 2 år
· 4-6 styremedlemmer for 2 år
· 2 varamedlemmer for styret for 2 år
· Revisor/-ar for 2 år
f) Eventuelt andre saker
§7-Ekstraordinært årsmøte
Styret kan innkalle til ekstraordinært årsmøte når ein av deltakarane gjer krav på det. Det kan ikkje gjerast avgjerd i andre saker enn dei som er sett opp på saklista for eit slikt møte.
§8-Endring av vedtektene
Endring av vedtektene kan berre gjerast på ordinært årsmøte og dei må ha minst 2/3 fleirtal av dei avgitte røystene. Berre deltakarane kan gjere framlegg om endring av vedtektene.
§9-Oppløysing
Vedtak om oppløysing kan berre handsamast på ordinært årsmøte.