GUDSTENESTE

Sidan det andre Losnaspelet i1999 har det vore tradisjon å avslutte Losnapeldagane med utegudsteneste på Kirkjeneset. Her er det fantastisk utsikt mot mektige Sognefjorden, Sognesjøen og Tollesundet. Nesten 360 graders panorama. Namnet Kirkjeneset har vore knytta til Losnaætta.

Jakob Neumann, som var biskop i Bjørgvin bispedøme frå 1822-1848, kunne i 1820 sjå spor etter kyrkja og nokre graver på Kirkjeneset. Kyrkjehuset som er nemnt i Bjørgvin Kalvskinn i 1360, kan ha vore eit huskapell for adelsætta på Losna. Men det er i dag ikkje spor etter kyrkja på Kirkjeneset.

Kirkjeneset 3.jpg

Sokneprest Bjørn Magne Hansen på preikestolen