
Losnaspelet med Dar kjem Dampen - Åfjordruta 1963
Dampen i 2022
Dampen gjekk siste turen nordover frå Bergen mot Sogn i 1972. Sesongen 1963-64 var den siste i ruta Bergen - Gulafjordane - Åfjord - Bergen. Dette vil me markere på Losnaspelet 2022!
Dampen var ei oppleving på Losna, spesielt på laurdagskvelden. Omtrent alle var samla på kaia for å få eit pust frå den store verda. Laurdag 9. juli 2022 kan dette opplevast på nytt i samband med Losnaspelet.
Ei reise med Dampen frå Bergen til Losnegard (Losna) var i 1963 ei langsommeleg affære. I 2022 kan det bli ei flott oppleving med ekstrastopp i Alversund (Knarvik), Ivar Medaas` heimplass) og Gulatingstaden på Flolid. Inge Alver vil fortelje om Ivar Medaas og leia nordover frå Alversundet, Steinar Jørs vil guide om Gulen og stadnamn og Tone Ekerhovd tek oss tilbake til 1300-talet og Gulatinget.
Og alt blir ganske likt som i 1963, påkledning, rutestopp, rutetider, billettpris, osv. Dette er turen for deg som opplevde stemninga med Dampen på 50- og 60-talet, eller for deg som er interessert i samferdslehistorie og norsk kystkultur. Eller rett og slett for deg som vil oppleve noko som få andre får oppleve i desse dagar.
Veteranbåten Granvin er klar til å gå rute J7 Bergen - Åfjord - Bergen helga 9. og 10. juli 2022.
Rutetider 1963 Rutetider laurdag 9. juli 2022
Frå Bergen 14.30 Frå Bergen 14.30
Ånneland 18.00 Alversund (Knarvik) 15.30
Nyhamar 19.10 Ånneland 18.00
Dingja 19.30 Mjømna 18.30
Sygnefest 21.10 Skjerjehamn 18.50
Rutledal 21.00 Floli (Gulatinget) 19.40
Lifjorden 22.00 Nyhamar 20.40
Losnegard 22.40 Dingja 21.00
Storakersund 23.15 Losnegard 21.30
Hyllestad 24.00
Retur frå Losnegard sundag 10. juli 2022 kl.15.00.
Stopp må då tingast på førehand!
Pris
Alle som skal reise med Dampen frå Bergen eller andre stoppestadar kjøper ein billett på og betaler same pris som i 1963. Då var prisen 1,40 kr pr sjømil (4 nautiske mil) pluss 70 øre i bryggjepengar (ta med krone-stykker og nokre ti- og tjuekroningar). I tillegg må det kjøpast ein billett (dagpass) til Losnaspelet på 500 kr.
NB! Båten går i rute, det betyr at ein kan gå av og på dei ulike stoppeplassane slik det passar best.
Overnatting
Det blir lagt til rette for overnatting i eige telt på Losna med reservert plass. Det er også mogeleg å plassere campingbil/campingvogn på førehand, eller båt. NB! Det vil bli sett opp ekstrarute med passasjerbåt frå Losnegard til Rutledal, Soleibotn og Hardbakke (evt andre plassar) etter låvedansen på laurdag ca. kl. 00.30
Påmelding
Påmelding kan sendast på epost eller SMS til Kåre Magne Losnegard
E-post: km-l@online.no SMS: 908 45 492. Ta gjerne kontakt på telefon 908 45 492
NB! Båten stoppar der det er folk på kaia som lagar god, gamal Dar kjem Dampen 1963-stemning!