9. og 10 juli 2022.
|Losnaspelet
LOSNASPELET
med framsyning av sogespelet Herr Eindride til Losna


Tid & Sted
9. og 10 juli 2022.
Losnaspelet, Losna 100, 6926 Krakhella
Om arrangementet
Fredag 29. juli.
14.00 Kafé, grill og div. aktivitetar
16.00 Konsert med Olav Stedje
Olav Stedje er som mange veit frå Sogndal og kjend som "gullrøysta frå Sogn". "Ein Nordmann sin draum" og "Vi vandrar saman"er  klassikarar i norsk populærmusikk. Men Stedje er også kjend frå Radio  Røynda og Ivar Medaas-kabareen "Dar kjem dampen". Og dampen har ei sterk  stilling på Losna for dei som har levd ei stund, For  fotballinteresserte er "Stao no pao" ein sikker vinnar. Stedje har gjeve  ut 13 album og fekk spelemannsprisen i 1982 og fylkeskulturprisen i  1986.
18.00 Fest på øvre Låven.
Etter konserten  ca. kl. 18.00 blir det samling i 2. etasje i Låven. Her er det ca 70  sitjeplassar og sal av mat og drikkevarer. Ein pakke med varmrett med  brus, øl eller vin til vil koste kr. 100,-. Det første Losnaspelet var i  1998 og fleire som har vore med frå starten har fylt runde år i det  siste. Det vil me markere her og alle er like velkomne hit.
20.00 Dans med Ludvik Kjellevold
Kl. 20.00 startar  dansen. Og som vanleg er det Ludvik Kjellevold som spelar opp med  fengande dansemusikk. I baren er det mogeleg å kjøpe brygg etter gamle  oppskrifter i tillegg til eit variert utval av andre typer drikkevarer.  Ta med vener og familie og møt opp på Låven olsokafta, 29. juli.
Timeplan
26 timer 15 minutterLosnaspelet 2022
Losna