top of page

VIDEO
Årsmøte i Losnaspelet måndag 6. feb 2023 kl. 14.00 på Hardbakke
Velkommen til Losnaspelet
Spelet om Eindride Erlendsson
VÅR FORTID
Eindride Erlendson representerte landet vårt under kongekroninga i Kalmar 1397. Etter kroninga vart han slått til riddar av dronning Margrete. Herr Eindride Erlendson var blant Noregs rikaste og mektigaste menn i starten av 1400-hundre talet.
Riddarar fanst det slike i Noreg? Var det ikkje berre på Frankrike og Englands grøne enger mellom veldige gamle eiketre at dei edle menn kjempa til hest, væpna med rustning og lanse, om fagre møyars gunst? Kanskje er det vanskeleg å sjå for seg at riddarturneringar gjekk av stabelen på forblåsne svaberg i Solund. Men riddarar fanst her. Ein av dei skal vi møte i Losnaspelet - Herr Eindride til Losna.
9. og 10. juli 2022 - Losnaspelet
Losnaspelet 2022 vart arrangert etter planen laurdag den 9. og sundag den 10. juli på Losna, Solund kommune, ytst i Sognefjorden. Det var krevjande verforhold både under øvingane og første framsyning på laurdag. Men dette sette ikkje ein dempar på humør og stemning. Alt gjekk etter planen. På sundag vart veret betydeleg betre, men framleis var det vått i terrenget.
COMMUNITY
SAMARBEIDSPARTNARE



WERGELANDGRUPPA
SULEJET AS
GulenSkyss AS
Lending Rederi AS
Vidar Hop Skyssbåter AS
BARSTEIN AS


Firda Seafood

GJENBRUKET
i Hardbakke
bottom of page